Ny forskning avliver myte om at brød i seg sjølv fører til vektauke.

Ny forsking avliver myte om brød

Mange trur at brød er ein fiende for dei som ønskjer å halde vekta. Ny forsking frå Senter for ernæring ved Universitetet i Bergen viser at dette ikkje stemmer – i alle fall ikkje når det gjeld grovbrød.

Forskar Ingrid Revheim og kollegaene hennar har gjennom HUSK-studien følgt kosthaldet til fleire tusen nordmenn sidan slutten av 1990-talet. Resultata viser at personar som et grovbrød ikkje går opp i vekt av den grunn. Derimot fann dei ein klar samanheng mellom mykje inntak av kvitt brød (loff) og vektauke.

– Vi ser at ein ikkje treng å kutte karbohydratar for å halde vekta. Det avgjerande er kva type karbohydratrik mat ein vel, seier Revheim til NRK.

Studien viser at brød kjøpt i butikk ikkje er mindre sunt enn brød frå bakeri, så lenge det er grovt. Dermed kan forskinga bidra til å avlive myten om at brød i seg sjølv fører til vektauke.

Powered by Labrador CMS