Mykje korn på lager

Den samla kornproduksjonen i verda har vore rekordhøg denne sesongen. Dermed ligg det an til at kornlagera blir svært store før det nye marknadsåret byrjar i sommar.

Publisert Sist oppdatert

Det er godt med korn på verdsmarknaden i 2016–2017. Prognosane frå både det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, og det internasjonale kornrådet, IGC, blei heva i april, til høvesvis 2 097 og 2 111 millionar tonn korn denne sesongen. Det er ny rekord, og det er fyrst og fremst den høge maisproduksjonen i Sør-Amerika som har trekt opp tala den siste månaden.

Mykje korn gir lågare prisar

Dei gode avlingane har bidrege til at kornprisane har falle den siste tida. Trass i ein liten auke i slutten av april, ligg kveiteprisane heile sju prosent lågare enn den siste toppen, som var i midten av februar. Prisane ligg likevel høgare enn før årsskiftet, då dei fekk ein kraftig oppsving.

Sein våronn i Noreg

Trass i ein mild mars månad, har dei kalde nettene fleire stader i landet gjort at mange utsette våronna. Fleire dagar med snø seint i april bidrog også til dette. Tilhøva ser likevel gode ut for kornet som vart sådd i haust, og så langt ligg det derfor an til eit godt kornår her heime.

Les heile saka hjå Landbruksdirektoratet

Powered by Labrador CMS