fbpx

Bakeriet i Lom søker dyktige bakerar til fast stilling

OM STILLINGEN
Bakeriet i Lom

Sted: Lom

Publisert:

Søknadsfrist: Snarest

Stilling: Fast


Kontakt: Magnus Hansen

E-post: magnus@bakerietilom.no

Telefon: 47416687

Bakeriet i Lom ligg plassert ved Prestfossen og elva Bøvra, i krysset der vegen frå Sognefjellet møter vegen frå Strynefjellet.

Som eit av Noregs mest besøkte bakeri, kan Bakeriet i Lom tilby moglegheiter for bakerar som trivs med høgt tempo og stor arbeidsmengde om sumrane og utvikling av nye produkt i eit meir behageleg tempo om vintrane.

Bakeriet i Lom treng stadig nye idear og impulsar og sett kreativitet høgt, saman med kontinuitet og kvalitet.

Hos oss er arbeidsoppgåvene til ein baker:

• Å planlegge og gjennomføre dagleg produksjon av bakerprodukt
• Utvikle nye produkt – i samarbeid med våre andre bakerar, kokkar og konditorar
• Kvalitetssikring

Om du har fleire av eigenskapane under, er du ein mogleg kandidat for ein jobb hos oss:

• Fagbrev som baker
• Fartstid som baker
• Er lærevillig, initiativrik og energisk
• Liker å arbeide målretta, med ein langsiktig plan
• Liker å arbeide i team
• Kvalitetsbevisst, ansvarsbevisst og med forståing for behovet av kvantitet

Bakeriet i Lom kan tilby:

• Verdifull erfaring frå eit av Noregs mest kjende bakeri
• Konkurransedyktige vilkår
• Eit triveleg arbeidsmiljø
• Husrom i ein overgangsperiode

Tiltreding snarast.

Om dette er noko for deg, send ein søknad og cv på mail til magnus@bakerietilom.no